Resultatet vart Apocalypse Now!, ein av dei mest myteomspunne filmproduksjonane i nyare tid. H earts of Darkness er også ein myteskapende film. Filmen er underhaldande og det er sjølvsagt spanande å kika filmskaparane i korta. Det er lett å gløyma at dokumentaren sjølvsagt også er ei forteljing, ein versjon av historia. Men filmen gjev også rom for eigne vurderingar. For det fyrste vart det tatt opp ei rekkje scener som ikkje vart med i den ferdige filmen og det er interessant å sjå korleis Apocalypse kunne ha enda opp som ein "annan" film. For det andre er det ingen som ser Hearts of Darkness som unngår å notera seg at etikk er eit like aktuelt tema under innspeling av spelefilmar som av dokumentarar.
Hearts of Darkness er hovudsakleg sett saman av opptaka til Eleanor Neil og tek for seg heile produksjonprosessen frå manusskrivinga til den problemfyllte innspelinga, konfliktane med skodespelarane, finansieringskrisene og presseskriveria. Undergangsstemninga ser tidvis ut til å vera like stor i filmteamet som i filmen. Men gjennom all denne motgangen møter vi geniet og idealisten som til slutt opplever at arbeidet blir krona med siger både moralsk og kunstnarleg. Om det faktisk er sånn får jo sjåaren sjølv døma over.
Forventningane til Apocalypse var enorme frå fyrste stund det kom ut i pressa at Coppola jobba med ein ny film. Spaninga vart ikkje mindre av at filmen "aldri" vart ferdig og det stendig lak ut rykte om økonomiske overskridingar og problem under opptaka. Apocalypse When? vart spørsmålet i amerikanske aviser. Det tok 5 år før filmen vart ferdig. Då var Vietnamkrigen historie. Kansje var det noko av årsaka til at dokumentaropptaka og vart liggande i 10 år, i tillegg til at dei som hadde fylgt heile prosessen nok var mektig lei av Apocalypse. Difor var det også dei relativt ukjende filmarane Georg Hickenlooper og Fax Bahr som til slutt ferdigstillte Hearts of Darkness.
gk