Dom kallar oss mods


Dom kallar oss mods Sverige 1968 Regi manus klypp Jan Lindqvist Stefan Jarl Foto Jan Lindqvist Stills Walter Hirsch Musikk Hawkey Franzén Lea Riders Dokumentær musikk "Kenta" Gustafsson Eva Blondin "Stoffe" Svensson Med Kenneth "Kenta" Gustaffson Gustav "Stoffe" Svensson "Tompa" "Kacks" "Plutten" Adrienne "Jajje" Eva "Zagge" "Hasse" Ingvar Peter "Lunkan" "Stor-Kenta 16mm oppkopiert til 35 mm normal format 100 min sv/kv Utleige KF
På slutten av 60-talet vart det tala om eit nytt fenomen: Ein eigen "ungdomskultur". Velstandsauke, lengre utdanning og meir fritid var faktorar som var med på å halda folk unge lenger. Medan mange opponerte mot vaksensamfunnet gjennom politisk engasjement og internasjonalt solidaritetsarbeid, nekta andre å godta foreldregenerasjonen sine verdinormar og levesett. Ei slik "gruppe" var modsen. Mats Nilson skriv i sin biografi om Stefan Jarl:" Vid denna tiden betraktades dessa ungdomar som kriminella av myndigheterna, uppenbarligen mest pga sitt långa hår. De greps ofta på mycket suddiga grunder. I bland räckte det att de stannade och förde ett samtal med en kamrat på T-Centralen. Denna generation var helt försvars- och rättslös."

Dei vi møter i filmen er då heller ikkje borgarungar på jakt etter litt spaning i kvardagen, men arbeidarungar med ein bakgrunn av alkoholiserte heimar, vald og forbetringsskular eller fengsel. Modskulturen var ein protest mot "svenson-livet" og vaksne autoritetar gjennom ikkje å ha arbeid, rus og fri seksualmoral, men òg ei søking etter ein identitet og aksept dei ikkje fann andre stader enn i venekrinsen.

Stefan Jarl og Jan Lindqvist som var filmstudentar på denne tida, syntes skulen ga lita næring til kva dei ynskte med filmarbeid. Inspirert av cinemá vérité ville dei ut på gata og laga eit autentisk bilete av ungdomen. Kenta og Stoffe var to mods Lindqvist og Jarl hadde møtt under opptak til eit ungdomsprogram for TV og av d dei godt artikulerte mange av dei tinga ungdommen stod for, kom Lindqvist opp med idéen å laga ein langfilm om dei. Jarl fortel:"Tanken att låta gatans parlament krossa välfärsskyltfönstret, föra in dessa förortsungar i kulturens salonger, epater le bourgeoisie, tiltalade mig." Jarl og Lindqvist fekk ein avtale med filmskulen: I staden for det avsluttande skuleåret fekk dei pengane utdanninga deira kosta det året til å laga film for. Med 50 000 kr i lomma sette dei i gang prosjektet.

Dom kallar oss mods er ein slik film som slår deg som spontan og frisk enno mest 30 år etter den vart laga. Han er enkel i si oppbygging med talking heads brote opp av scener frå ungdomane sin kvardag. Men filmskaparane sin sympati for temaet og folka dei har møtt er smittande og det eit engasjerande møte med motige ungdommar som trass eit marginalt tilvære er fulle av livslyst og tru på ei open framtid.

gk


Nettverksgruppa rune@nvg.ntnu.no