Blue in the Face
Filmen er bygd opp kring improvisasjonar mellom skodspelarane og regissørane og han er enno meir situasjonsbasert enn Smoke. Omdreiingspunktet i filmen er også denne gongen The Brooklyn Cigar Co., kor folk kjem innom for å drøfta slike emne som røyking og kva det vil seia å bu i Brooklyn. Det er mange flotte dokumentarinnslag kor innbyggarar frå Brooklyn ramsar opp fakta og meiningar om bydelen sin, som så i neste omgang blir brodert ut eller kommenterte gjennom improvisasjonar. Til dømes er det eit underhaldande innslag om kva som er "the brooklyn attitude" og eit nostalgisk tilbakeblikk på historia til det no utflytta baseballaget Brooklyn Dodgers, der gjenferdet til ein av dei gamle stjernespelarane får ei avgjerande rolle i handlinga.
Det yrer av kjendisar i cameo-roller i Blue in The Face, og blant dei lokale innbyggjarane finn vi både Lou Reed med ei storarta forklaring på kvifor han kjenner seg tryggare i New York enn i meir rolege strøk av verda, som til dømes Sverige og Jim Jarmusch som skal slutte å røyka og vil ta sin siste sigarett saman med Auggie i tobakkskiosken hans.
Blue in The Face er eit klart overskotsprodukt av ein film: Dette er noko som har vorte laga fordi dei medverkande har hatt det artig saman. Samstundes er filmen ei kjærleiksærklering til Brooklyn og ei tematisk utfylling av Smoke på kvifor det er viktig å ha eit levande nærmiljø kor ein har eit sams minne og noko ein kan kalla "the brooklyn attitude".
gk