La StazioneKvinna har saman med elskaren sin vore i eit sosietetsselskap i nærleiken, men etter ein krangel har ho rømt der i frå og no vil ho reise heim. Det går ingen tog før neste morgon og ho må halda lag med stasjonsmesteren natta igjennom. Stasjonsmesteren har aldri før hatt kvinneleg selskap på nattevakt i det heile er han ikkje så vant med kvinner, og han er mildt sagt noko utrygg i den nye situasjonen. Det blir ei lang natt, og når den sjalu elskaren dukker blir det heile svært dramatisk.
Stasjonen er noko så uvanleg som eit italiensk kammerspel på film. Dialogen mellom stasjonsmesteren og den framande kvinna går frå å vera ein ordkamp der båe freister å imponera og dominera situasjonen, til å nærma seg venskapleg samhald og utveksling av løyndomar.
Stasjonsmesteren er den karakteren som ber filmen. Han er ein karaktertype som av og til dukkar opp i (europeisk) film. Det er ein tydeleg karikert person, som ligg herleg lagt frå amerikansk method acting. Hans verbale og demonstrerande utgreiing om omgrepet erfaring, er eit av høgdpunkta i filmen. Stasjonsmesteren blir glitrande spela av Sergio Rubini, som også har regien.
Stasjonen var Sergio Rubinis debutfilm. Han har studert ved National Academy of Drama i Roma og har arbeidd med både radioproduksjonar og teateroppsettingar. For lerretet har han seinare laga La Bionda (1993) og Prestazione straordinaria (1995).
gk