Boston KickoutPhil er nettopp ferdig med skulen og står saman med kompisane sine framom ei relativt lite lysande karriere som arbeidslaus. Mange av venene hans tilpassar seg dei avgrensa vala som tilbys i nærmiljøet; ørkeslause dagar med vald, alkoholisme og stoffmisbruk. Phil vil vekk frå alt dette og sett sin lit til ein sumarflørt som fører han til Irland. Der er ikkje noko slik han hadde tenkt seg. Han innser han må ta ansvaret for sitt eige liv og returnerer til England for å starta vaksentilværet.
Boston Kickout er ein film om overgangsriter. Mange vil nok, lett rødmande, kjenna seg att i ein del av dei mange manndomsprøvane gutane i venekrinsen utset kvarandre for. Den, for nordmenn, noko kryptiske tittelen viser til ein "leik" som er kjend under fleire namn og praktiserast i forstadsstrøk i England. Den går (for ein utanforståande) ut på at du spring gjennom så mange hagar som mogleg samstundes som du freister rasera så mykje som mogleg av kvar einskild hage på veg mot neste.
Boston Kickout er ein langfilmdebut, noko ein kan merka på eit ikkje heilt utvikla forteljarmessig grep. Det filmen manglar her, tek han imidlertid att når det gjeld å vera likefram og ærleg på ein svært vinnande måte. Dei unge gutane som spelar i filmen er stort sett amatørar som gjer ein svært truverdig innsats ved å spela seg sjølve. Boston Kickout er på mange vis ei samtidsutgåve av Gillies Mac Kinnon sin Small Faces, om oppvekst i ein by i Skottland på 60-talet, ein film som også vonleg vil koma på kino i haust.
Paul Hills har tidlegare laga musikkvideoar og produsert og regissert fleire kortfilmar. Han vil væra til stades under visninga og fortelje om seg sjølv og om britisk film i dag.
gk