LamericaI Lamerica møter vi to kyniske italienske profitørar, Fiore og Gino. Dei ser ei inntektskjelde i det utarma landet og dreg i motsett lei av flykningestraumen. Målet er å skaffa ein stråmann i Albania for ein fiktiv skofabrikk som kan utløyse millionar av lire i støtte frå den italienske statskassen.
Den unge og litt einfaldige Gino får ansvaret for stråmannen, Spiro, som er ein gamal analfabet og politisk fange. Spiro er ikkje så handlingslamma som ein fyrst får inntrykk av og han rømmer frå Gino for å reisa tilbake til heimstaden sin. Denne heimstaden viser seg å vera på Sicilia. Spiro heiter eigentleg Michele og er ein av dei mange soldatane Mussolini sende for å "frigjera" Albania, og som vart att i Albania, fyrst som krigsfange, seinare som politisk fange. Gino må reisa etter Spiro for å freista finna han att, ei reise som tek han gjennom Albania og med flykningane tilbake til Italia.
Som ofte på film er reisa ikkje berre konkret, men òg ei indre rørsle mot ny erfaring. I dette tilfellet er det ei daningshistorie. På reisa blir Gino fråstolen bilen, pengane, skoene og passet sitt. Alt han byggjer styrken og identiteten sin på blir teken frå han, og han må stilla på line med albanarane (i ein overfylt flykningebåt) når han skal heim att.
Amelio har ei intellektuell tilnærming til stoffet sitt. Han er ein av dei filmskaparane som best meisterer å på ein konkret måte handsama teoretiske emne. Som (serleg) Åpne dører og Barnetyven, er Lamerica difor også eit moralsk og politisk lærestykke.
Trass i si nådelause skildring av dette landet, er ikkje Lamerica i første rekkje ein film om Albania. Amelio seier sjølv det er ein film om Italia, men det finnst likskapar i historia mellom dei to landa. Amelio har sjølv ein bestefar og ein far som emigrerte til Argentina på 40-talet, og han ville laga ein film om emigrasjon. Han ville likevel laga ein no-tidig film og historia om Albania i dag er historia om Italia for femti år sidan. Difor også tittelen Lamerica, med alt håpet som låg i det. Dei likskapane som finnst i historia gjev utgangspunkt for eit kjenslemessig fellesskap. Det er denne sams historia Amelio vil at italienarar og alle oss andre skal læra.
Gino er vår representant i filmen, han er den historielause generasjonen, men gjennom møtet med Spiro blir han kjend med si eiga historie. Ikkje berre Italia si utbytting av Albanina gjennom ulike økonomiske og politiske regime, men òg med forfedrene sine liv. Fråtatt all sin status, lærer han "brødet sin verdi"; kva som er dei grunnleggande menneskjelege behova. Gjennom dette ser han òg kven han sjølv er.
Gjennom å halda minnet i live og vera ein del av si eiga historie kan vi, som Gino, læra å bli menneskje.
gk