Trondheim Filmklubb

September Songs The Music of Kurt Weill


September Songs The Music of Kurt Weill Kanada/Tyskland 1995 Regi Larry Weinstein Manus Larry Weinstein, David Mortin Foto Horst Zeidler Musikk Kurt Weill produsert av Hal Willner Med Elvis Costello and Brodsky String Quartet, Lou Reed, Nick Cave, PJ Harvey, Stan Ridgeway, David Johansen, Ralph Schuckett, Ellen Shipley, Bob Dorough, The Persuations Kathy, Dalton Mary, Margaret O'Hara, Teresa Stratas, Betty Carter, Ghettoriginal Dance Company, William S. Burroughs, Charlie Hayden 89 min 35mm Utleige Arthaus


Kurt Weill er ein av dei mest formande aktørane i utviklinga av det som kallast musikalar eller musikkteater, og han har etter sin død også hatt stor påverknad på komponistar og musikarar innanfor heilt andre genrar.

Weill vart fødd i Tyskland i 1900, han studerte komposisjon og dei tidligast verka hans var hovudsakleg konsertstykke. Weill vart rekna som ein av dei mest talentfulle komponistane i Tyskland i tida etter fyrste verdskrigen. Det var likevel gjennom sitt arbeid på teateret han skapte sine viktigaste bidrag til musikkhistoria. Så tidleg som i 1926 nytta han jazzelement og populærmusikk i musikkteateret for å laga eit nytt stilistisk konsept basert på eit mangfald av kontrapunktiske lydbilete.

I 1927 gjekk Weill inn i eit samarbeid med dramatikaren og regissøren Berthold Brecht. Arbeida deira passa saman som hand i hanske og "Tolvskillingsoperaen" (1928) står enno som ein av dei mest kjende og viktigaste verka til Weill.

Utover 30-talet vart Weill sterkt kritisert av nazistane, som i tillegg til hans jødiske bakgrunn, ikkje likte at han brukte "neger-rytmer" i musikken. Teater som spelte stykka hans vart til og med raida av nazistar. I 1933, då NSDAP vann valet, og etter å ha høyrt seg sjølv utropt til den største fienden av tysk kultur ved sidan av Albert Einstein, flykta han frå landet. Fyrst til Paris, kor han fortsette samarbeidet med Brecht, seinare til New York kor han levde og arbeidde til han døydde i 1950.

At dei europeiske arbeida hans floppa fullstendig i USA, var medverkande til at han langt på veg ignorerte sin europeiske bakgrunn etter han byrja arbeida i NewYork. Det ville også knappast ha vore mogleg for Weill å oppretthalda dei estetiske kriteria som låg til grunn for suksessen i Europa medan han komponerte for Broadway, kor kriteria for suksess var fundamentalt pragmatiske.

Weills musikalske karriere blir ofte omtala som to. Polariseringa har vorte oppretthalde av hans eiga avvising av å bli omtala som tysk komponist, og på grunn av ynskje om å bli, ikkje berre ein amerikansk komponist, men ein av eit genuint populistisk slag. Eller som han sjølv har sagt det:"I have never acknowledged the difference between serious music and light music. There is only good music and bad music."

Filmen September Songs speglar båe desse sidene ved Weill. Dette er ikkje ein biografisk film, men ein film om, som tittelen seier, songane til Kurt Weil. Frå dei nyskapande, samfunnskritiske verka, til dei avvæpnande, sentimentale kjærleikssongane. Og dei grip oss alle like sterkt i dag, snart 50 år etter han døydde. Songar mot den imperialistiske krigen, om utbytting og arbeidsløyse som The Cannonball Song eller Ballad of a Soldiers Wife og What Keeps Mankind Alive er alle, diverre, like aktuelle i dag. Og i den andre enden av spekteret kan The September Song og When You Talk Low To Me få fram ei nostalgisk tåre i augekroken på dei fleste.

Når det gjeld framføringa, er filmen ei samling perler, både med omsyn til musikarar og (dels) òg når det gjeld tolkingar av verka. Det er ein film i Kurt Weill si and, med innslag av så ulike musikalske genrar som rock, rap, cabaret og opera. Dels innovativ, men samstundes forførande publikumsvennleg.

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no