Ådalen 31Demonstrasjonane var motivert av at spelarar frå Rhodesia var inviterte til Sverige, og alt gjekk fredeleg for seg inntil det vart gjeve ordre om å setja inn politi mot demonstrantane. Denne hendinga vart filma av nokre unge filmskaparar som kalla seg Grupp 13 og resulterte i filmen Den vita sporten.
Ein av dei 13 var Bo Widerberg og desse hendingane i Båstad skulle bli avgjerande for tilverkinga av den neste filmen hans, Ådalen 31. Nokre av scenane i filmen (demonstrasjonen) er direkte sitat av kva som hende og korleis det vart filma i Båstad i 68.
Ådalen i Sverige er synonymt med Menstadslaget i Noreg. I 1931 reiste arbeidarane ved Marmafabrikken i Ådalen seg. Då arbeidsgjevaren under ein generalstreik kalte inn politiet for å oppretthalda "ro og orden", vart det skote mot demonstrantane og fem arbeidarar vart drepne.
Igjen er det kvardagsskildringa som er Widerberg sin styrke. Han let oss få oppleva det som hendte gjennom parallelle skildringar av arbeidarfamilien Andersson og fabrikkeigarfamilien sin kultur og levevis i tida før dei fatale skota. I staden for å laga ein intravenøs agitasjonsfilm, har Widerberg laga ein sterk, impresjonistisk og poetisk film ei hylding til menneskja i Nord-Sverige. Serleg vil ein minnast framstillinga av arbeidarsonen, Nisse, som speler i eit primitivt jazzband og som freister å få ungjenta Anna til sengs gjennom hypnose, men som blir avbroten av demonstrasjonstoget som går forbi.
Widerberg måtte tåla ein del kritikk for å framstilla ei så alvorleg, rettferdshungrig historie på ein så vakker måte. Men film er eit medium som fyrst når hjernen gjennom hjertet. Dette har Widerberg forstått, og både den forteljarmessige innfallsvinkelen og formspråket er noko historia har tent på. Når vi på slutten av filmen blir vitne til nedskytingane verkar desse på denne bakgrunnen ekstra sterkt, fordi vi kjenner karakterane som menneskje.
Widerberg påpeiker i slutteksten på filmen at det trass i 30 års sosialdemokratisk styre i Sverige, enno ikkje finnst sosial rettferd. Sverige vart litt betre av kva som hende i Ådalen, men det er langt att, det synte ungdommane i Båstad.
Red