"Clinter`n" er eit omgrep innan genrefilmen. Når vi går for å sjå ein film med skodespelaren Clint Eastwood veit ein som regel kva ein får. Regissøren Eastwood derimot er den som har stått for "the offshots". Ein film som Honkytonk Man er eit prov på dette, men det var fyrst med Bird at publikum fekk auga opp for at Eastwood har andre kvalitetar enn å vera ein fåmælt tøffing med harde nevar og potent revolver. Seinare har oppgjeret med den romantiserande westernfilmen - som var starten på og som sementerte Clint Eastwoods karriere og image som skodespelar - nemleg Unforgiven, nyansert biletet av mannen òg på det området.
Bird skildrar livet til kanskje den største jazzsaxofonisten: Charlie Parker, bebopen sin opphavsmann. Parker levde eit kort og intenst liv og hadde berre 18 aktive år som musikar. Han var sterkt nedkøyrt av dop og alkoholmisbruk , var tidvis innlagt både til avrusing og var ein gong på mentalsjukehus etter eit sjølvmordforsøk. Likevel har han vorte ein av dei store mytane innom jazzmusikken serleg gjennom den enorme stilpåverknaden han har øvd på seinare generasjonar jazzmusikarar.
Filmen, som er bygd på kona Chen Parker si bok om samlivet deira, har ein relativt utradisjonell struktur for ein biografi. Samtida er lagt til 1954 og fortida blir skildra gjennom tilbakeblikk som blir motivert av minne, tankar eller stemningar hjå hovudpersonen. Jazzmiljøet i USA på 50-talet rommar mange legendar, men Eastwood har valt å konsentrera forteljinga kring tilhøvet mellom Parker og kona, nokre av dei mest sentrale musikalske samarbeidspartnarane hans som Dizzy Gillespie og Red Rodney og dels lange spelesekvensar.
Parker blir skildra av Forest Withaker som ber mykje av filmen med si flotte rolletolking, og filmen er meir biografi enn musikkfilm om enn tydeleg laga av ein jazzelskar. Men ein del av spelesekvensane er magiske. Kanskje ikkje minst på grunn av at det er Charlie Parker sjølv som spelar. Soundtracket til filmen vart laga ved å skilja ut saxofonen til Parker frå gamle innspelingar, plater og privatopptak som kona Chen har gjort, for så å lata musikarar - mellom anna nokre av Parkers gamle bandmedlemmer - ny-innspela låtene "saman" med desse opptaka.
gk