Ragtime


Ragtime USA 1981 Regi Milos Forman Manus Michael Weller etter E.L. Doctorows roman Foto Miroslav Ondricek Musikk Randy Newman Med James Cagney, Brad Dourif, Moses Gunn, Elizabeth McGovern 16mm 155 min norske tekster Utleige UIP
Ragtime er eit epos, slik som filmar som 1900 og Ondt blod i Amerika. Det er historier som freistar skildra ein heil tidsepoke. I tilfelle til dei nemde filmane er det òg ganske nært samanfallande tidsepokar det er tale om. Når det gjeld Ondt blod... så har den fleire likskapstrekk med Ragtime både forteljarmessig og tematisk i tillegg til at dei båe er laga av eksileuropearar som har skildra miljøa med auga til ein som kjem utanfrå.

Filmen er bygd på ein roman av E.L. Doctorow og som tittelen assosierer er det amerikansk 1910-20-tal vi finn oss i. Det tidsrommet som har vorte kalla USA sin Belle Epoque. Dette er gjennombrotstida for storkapital- og industri, anarkismen si blømingstid, det gryande medvetet mellom dei svarte amerikanarane og byrjinga på slutten for den klassiske borgarlege familien. Det er bittersøt nostalgi kor faktiske hendingar og karakterar er blanda med fiktive.

Å gje eit synopsis av handlinga i dette myldrande, kaleidoskopiske tidsbiletet vil vera meiningslaust, men i korte trekk byrjar det med familien Thaw. Familien Thaw er den amerikanske familien. Ein velståande patriarkalsk og patriotisk flagg- og fyrverkerifabrikant familie - sjølve kjernefamilien like før samanbrotet. Ein viktig institusjon i "Familien" sitt autoritetsbaserte "samhald" er sundagsmiddagen, og det er under ein av desse rituelle måltida at det blir funne ein negerbaby i kjøkenhagen deira. Dette innleiar ein strid mellom familiemedlemmane om dei skal ta til seg ungen - og mora, som snart blir funnen i grannelaget - eller overlata dei til det offentlege sin mangel på omsorg.

Hovudintrigen blir for alvor sett igong når barnefaren, den framgangsrike ragpianisten Coalhouse Walker jr. gjer sin entré. Bryllupsklokker ringer og alt teiknar til idyll i New York forstaden. Men så dukkar det lagnadstunge "tilfellet" opp i Coalhouse sitt liv i det han kjem køyrande i sin nye flotte T-Ford forbi den lokale brannstasjonen. Stasjonen drivast av frivillige, fattige irar. Dei let seg fornærma av den svarte mannen sin tilsynelatande velstand. Dei improviserer ein grov latrinær spøk som går utover den skinande bilen og ikkje minst utover Coalhouse sin ytterst vakne sans for si ære som fri mann. Han vil ha full oppreising, personleg hemn over brannsjefen Conklin og få bilen sett i stand. Eit forståeleg raseri som ender opp i uendeleg konsekvensrytteri. Dette utløyser eit dominoras av vald som og involverer og bryt ned rollene i familien med stor "F" på ulike sett, og som endar med mord, brann, svart opprør i gatene og husokkupasjon. Grunnen til at det går så ille er i fyrste rekkje den korupte ordensmakta si truga prestisje, og snart rullar urettvisa og maktintrigane fram over Coalhouse illustrert gjennom maktkampen mellom han og politisjefen. Ein kamp som går rett i filmen si tematiske kjerne: menneskje si sjølvkjensle og utfordring av den anten til oppbløming eller nedbryting i eit æveleg lagnadsspel.

Musikken er eit symbol på dette. Som Bjørn Bjørnsen skreiv om filmen etter noregspremiæren: "Før denne musikken fikk form og status, var også menneskene den sprang ut av, form- og statusløse. Ragtime var det iskalde, pengepesende Amerika med kulehullet som sluttargument på de største problemer. Ragtime var lystigheten hos den nedtråkkede som fremdeles har trass å gi. Ragtime var pulsen, frekkheten, dumheten og begjæret som gjorde Amerika rikt. Den var de uventede improvisasjoner, dissonansene og - en viss følelseskulde bak en fasade av glatt mykhet og blendende teknikk."

gk


Nettverksgruppa 18/1-95, www@nvg.ntnu.no