Mo`Better Blues utspelar seg i og rundt nattklubben Beneath the Underdog. I sentrum for historia står altså den lovande trompetisten og bandleiaren Bleek Gilliam og musikken hans, som for han går føre alt anna.
Eigarane av nattklubben dei spelar på er to pengegriske brør som ikkje har noko til overs for musikken dei lever av: "There's only one king in music and his name begins with an E:" Dei har snodd Bleek kvartetten sin ikkje fullt så talentfulle manager, Giant (spela av Spike Lee sjølv), til å skriva under ein særs lite lukrativ kontrakt, og når Giant legg at ein stor del av spelehonoraret hjå den lokale bookmakeren blir det lite til overs på bandet.
I tillegg til sin pasjon for musikk har Bleek stor apetitt på kvinner, eller rettare: sex. "It's just a dick-thing" som han avviser sine to elskerinner med når dei krev meir merksemd og respekt av han. Ikkje uventa ender dette i eit sjalusidrama kor på Bleek svarar med å dra seg enno lengre inn i musikken sin, medan kvinnene endeleg får nok og går kvar til sitt når han til slutt ikkje klarar å skilja dei åt. Tittelen på filmen tyder noko slikt som ei kjensle av melankoli på grunn av tanken på søte kjærleiksleikar som ikkje lenger er ein del av livet ditt.
Giant søkk lengre og lengre ned i spelegjeld og blir med kvart sparka av Bleek for dugløysa si, men Bleek vil ikkje gje slepp på venskapen, noko han må betala for når bookmakeren sender sine gorillaer for å gjera opp med Giant. Botnen er nådd og historia fortald, men Spike Lee har ikkje kunna dy seg for å laga ei rund lita avslutning på den, som kanskje mange kunne klart seg utan. Sidan Spike Lee sjølv hadde kritisert filmar som Round Midnight og Bird for å berre nytta musikken som eit bakteppe for historiane var mange raskt framme for å fortelja Lee at heller ikkje dette var den ultimate jazzfilmen der musikken står i sentrum, trass i at faren til Spike, den habile jazzmusikaren Bill Lee, har vore med å skrive ny musikk til "Bleeks kvartett".
Styrken i filmen ligg då heller ikkje i kva den fortel, men korleis den gjer det. Her ligg det musikk både i biletkomposisjon og instruksjon. Ta til dømes Lee sin jazzinspirerte måte å filma folk på: Han let ofte ein person gå mot ei gruppe menneskje for så å halda ein intensiv monolog (ein solo) og deretter trekkja seg roleg tilbake til utgangspunktet. Eit anna døme er den flotte opningssekvensen der kamera fyrst formar ein trompet og deretter eit øyre og ein munn. Dette fortel at Lee har freista finna eit filmatisk uttrykk som er ei visualisering av jazzmusikken.
gk