Vi blir her med i fylgjet til eit dokumentarfilmteam som vil laga ein film om ein massemordar. Benoit, som mordaren heiter, går med på dette om filmen ikkje blir vist før etter han er død. Filmskaparane er i utgangspunktet litt nervøse for den styrlause Benoit. Etter at dei har vore vitne til og filma eit par mord, har dei så pass rutine at dei istaden for å skjelva i buksene byrjer å tilretteleggja tilhøva for at morda skal bli lettare å gjennomføra og - ikkje minst - ta seg betre ut på filmen.
Dette kunne ha vore ein spekulativ valdsfilm, men den har sider som gjer den meir interessant enn som så. Histora til Man Bites Dog byrjar på ein filmskule i Belgia. Tre av studentane hadde sett seg lei på all refleksjonslaus sensasjonsreportasje i massemedia og ville laga ein kommentar til dette med å bruka dei same verkemiddla. Serleg ville dei råka den nye TV-trenden med direktesendingar frå politirassiaer, ambulanseutrykkingar og liknande. For å visa kor perverse slike reportasjar er, snudde dei konseptet på hovudet med å la filmarane fylgja forbrytaren i staden for politiet.
Filmen er lagt opp som ein dokumentarfilm, kor vi (med få unntak) kun får sjå verda gjennom kamera til dokumentarfilmskaprane. Det er òg brukt ein kornut svart/kvit filmtype og kun reallyd,for å understreka dokumentarpreget. Til tider blir det faktisk nifst realistisk.
Eg er litt i tvil om filmen når heilt opp til dei intensjonane han set seg. For å distansera sjåaren frå den særs råe historia, har den vorte laga som ein kolsvart satire. Det er lagt opp til til eit vendepunkt i historia der latteren stoppar i halsen,men regissørane meistrar ikkje å snu stemninga, det blir for mykje grove vitsar og oppattakingar av handlinga.
Filmen rører ved sentrale etiske spørsmål, både når det gjeld film og massemedia generelt. Men Man Bites Dog reiser òg etiske spørsmål ved seg sjølv. Avdi den ikkje handsamar temaet med den seriøsiteten det har trong til i den avsluttande delen av filmen.
gk