Delicatessen


Delicatessen Frankrike 1990 Regi og manus Jean Pierre Jeunet Foto Darius Kondij Musikk Carlos D'Alessio Medv. Dominique Pinon, Marie-Laure Dougnac, Jean Claude Dreyfus, Karin Viard 99 min, 35 mm ,farge, norsk tekst Utleie Europa-film
I eit øydelagt Frankrike, kanskje etter "katastrofen", kanskje i eit alternativt 1950, møter vi nokre svært franske leigebuarar som er opptekne av ditto franske gjeremål: Utroskap, musikk, sjølvmord og MAT. Slaktaren, som eig leigegården, har bygd opp eit fint system der han tilset folk, som han "feitar opp" på god mat for så å servera dei til leigebuarane. Det hender òg at dei som ikkje betaler husleiga ender opp som middag i slaktardisken.

Inn i dette kjem eks-klovnen Louison som den nye vaktmeistaren, slaktarens neste offer. Vakker musikk (cello og sagblad) oppstår mellom vaktmeistaren og slaktarens dotter. Dette blir upopulært, og det eine dramatiske klimaks fylgjer det andre. Undergrunnsrørsla (ein gjeng nervøse vegetarianarar kledd i regnklede og hovudlykt, og som lever i kloakken) prøver å redde Louison, og dei slår til med geriljaangrep mot leigebuarane.

Vi møter òg ei heil mengd med andre karakterar, heile storsamfunnet er representert: Proletaren, borgarsnobben, utsugaren og den lukkelege utstøtte som lever i kjellaren ilag med froskar og sniglar.

Slutten skal ikkje røpast, men eg kan seie at det blir eit vått og dramatisk klimaks, der visstnok ein frosk skal ha forstua ankelen, ifylgje regissørane. Delikatessen kan sjåast på mange måtar. Regissørane sjølve håpar å skape ein debatt av eit eller anna slag, men om kva vil dei ikkje ut med. På spørsmålet om dei er vegetarianarar svarar dei: "Ja, sjølvsagt, nei, eigentleg ikkje. I Frankrike blir vi stoppa på gata av politiet viss vi er vegetarianarar, vi likar store kjøttstykker. Men, filmen kan godt handle om vegetarianarar om ein vil ha det til det!"

Uansett korleis ein ser filmen så er den eit visuelt meisterverk. Dette anar vi allereie medan fortekstane pågår, og det blir berre meir og meir imponerande. Dei to regissørane har sin bakgrunn som kort- og reklamefilmmakarar, og i deira tilfelle har dette vore ein fordel. Dei nyttar fargar, lys, foto, klipperytme, vidvinkel og kinoformatet på ein slik elegant måte at ein sit lamslått i kinostolen.

Er det noko som er for alvorleg til å spøke med? Nei, svarer Delikatessen. Den spøker med alt: Sex, vald, galskap, sult, TV og død, alt om betyr noko i eit moderne samfunn. Den plasserer seg sjølv genremessig inn i ein århundrelang tradisjon: Samfunnskritisk og grotesk realisme, med ei lita aning science fiction. Delikatessen er en herlig blanding av Peter Greenaway og Monty Python.

tar


Nettverksgruppa 25/2-95, www@nvg.ntnu.no