Trondheim Filmklubb

Når katten er borte


Chacun cherche son chat Frankrike 1996 Regi og manus Cédric Klapisch Foto Benoît Delhomme Musikk Ceux qui Marchent Debout, Bushman, Chopin, Big Brother Hakim, Guru m.fl. Med Garance Clavel, Zinedine Soualem, Olivier Py, Arapimou (Chloes katt), Rambo (Madame Renées katt) 90 min 35 min norsk tekst Utleige Arthaus

Chloé opplever alle kjæledyreigarar sitt mareritt. Medan ho har vore på ferie har Gris-Gris, katten hennar, forsvunne frå sin pensjon hjå den lett eksentriske Madame Renée. For Chloé er dette den endelege nedturen. Før ferien har ho flytta frå kjærasten sin og no står ho utan både katt, kjæraste og fast bustad og må losjera på sofaen til ein kompis.

Heldigvis kjenner ikkje alle seg like handlingslamma. I motsetnad til Chloé, som berre har overflatiske vener frå sitt arbeid som make-up-artist, så kjenner Madame Renée mest heile grannelaget og ho engasjerer alle, der imellom Djamel (ein vel entusiastisk type) til å sjå etter Gris-Gris.

Jakta på katten blir til ei skildring av det grannelaget som i Paris kallast Popincourt, ein bydel som har gjennomgått store endringar dei seinare åra, ikkje minst grunna bygginga av den prestisjetunge Bastille Operaen. Dei ulike typane Chloé møter viser eit snitt av utviklinga i bydelen. Dei gamle damene som har budd der eit heilt liv, nordafrikanarane som held til på den lokale caféen, kunstnarane som har flytta inn av di det er billig. Samstundes varslar dei store rivingsområda, grunna byfornying og bygginga av operaen, om nye endringar.

Den halvdokumentariske stilen og forsvaret filmen er for eit levande grannelag i byen, gjev sterke assosiasjonar til Wayne Wangs og Paul Austers Smoke og Blue in The Face. Tilliks med skildringane av Brooklyn i dei to amerikanske filmane, treng ein ikkje å vera lokalkjent i Paris for å ha stort utbytte av Når katten er borte. Liknande utviklingstrekk kan ein finna i større byar over alt, og i tillegg er filmen ei god forteljing om einsemd og rotløyse. Desse sidene ved storbylivet er skildra på ein truverdig, men likefram og humoristisk måte som gjev filmen noko av den same vitaliteten ein finn i dei franske ny-bølge filmane, og som også kan minna om nyare fransk film med liknande røter, som Olivier Asseyas' Irma Vep.

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no