The Truth About Cats And DogsDen talentfulle og munnrappe veterinæren Dr. Abby Barnes har sitt eige radioshow kalla "The Truth About Cats And Dogs", der lyttarane kan ringa inn spørsmål om dyra sine. Då ho over radioen løyser hundeproblema til fotografen Brian, blir han så imponert at han ber ho ut ñ usett.
Abby, som er lita, mørk og lubben, er ikkje så tøff når ho er utanfor radiostudioet, så av redsle for at hennar verbale sjarm ikkje vil strekka til på eit stemnemøte, får ho grannen sin, den høge, blonde, fotomodellen Noelle til å møta han i staden, i Abby sitt namn. Brian er så bergtatt av at han har funne "brains and beauty" i ei pakke at han ikkje ser forvekslinga som er opplagt for alle andre.
Dette er ein romantisk komedie med screw ball-røter, forma som light-utgåva av "Cyrano de Bergerac": Veterinæren fell for fotografen, fotografen og fotomodellen fell for kvarandre (trur dei), medan hunden, underleg nok, likar veterinæren best.
Opninga er faktisk særs artig. Å settja rulleskøyter på ein hund er kanskje dyreplageri, men det er vanskeleg ikkje å le. Den stereotype framstillinga av dei to jentene fungerer også godt for å visa korleis menn blottlegg seg sjølv i sine ulike haldningar til vakre jenter (komisk sjølvoppofring) og oss vanleg dødlege (total ignoranse).
Få filmar har handsama temaet indre- og ytre venleik på ein meir original måte enn Ettore Scolas Passion d'amore, der ein mann med ei vakker kone, utan å kunne hindra det, blir dratt mot ei stygg kvinne gjennom deira sams lidenskap for litteratur. The Truth About Cats And Dogs er ein langt meir ordinær film på alle måtar. Moralen her er at om ein trur det sjølv, kan det vakre inni ein slå ut, spesielt om skodespelaren er mykje penare enn rollekarakteren skulle tilseia, men filmen har likevel mange kvalitetar som gjer den underhaldande å sjå, ikkje minst Garofalo og Thurman i rollene som Abby og Noelle.
Slutten er litt hardare å
svelga, men som kjent har romantiske komedier eigne naturlover
ein må godta om ein skal ha fullt utbytte av dei. Ei lov
er at "det rette paret" må få kvarandre
til slutt, men det hadde ærleg tala vore meir sannsynleg
om Cyrano hadde fått si Roxanne enn at det skulle gå
slik her. Nokre finn det koseleg, andre lett irriterande, særleg
sidan det ikkje er naudsynleg for å få ein lukkeleg
slutt, jamfør P.J. Hogans sympatiske, ikkje lovmessige,
avrunding av Min beste venns bryllup.
gk