Trondheim Filmklubb

De Latterlige


Ridicule Frankrike 1996 Regi Patrice Leconte Manus Rémi Waterhouse Musikk Antoine Duhamel Med Charles Berling, Fanny Ardant, Jean Rochefort, Bernard Girardot 102 min 35 mm norsk tekst Utleie SF Norge

Franskmenn (les: Parisarar), er stolte av språket sitt, så stolte at dei har freista prakka "den franske sivilisasjonen" på dei delar av resten av verda dei har sett føtene sine på. Det parisiske språket har også vore eit maktmiddel for hovudstaden over dei ulike regionane og ein viktug del i den franske statsbygnaden.

I1780-åras Frankrike står Revolusjonen står for døra og tankane til Voltaire og Rousseau vinn fram blant dei intellektuelle, medan adelen lever ut sine siste dekadente år ved hoffet i Versailles. Hit kjem Ponceludon de Malavoy, ein ung og idealistisk adelsmann frå provinsen, for å be kongen om økonomisk bistand til å drenera sumpane på jorda si, så han kan få bukt med myggen som drep bøndene som bur der.

Kongen har ikkje så alt for hard timeplan, men det er vanskeleg for ein ukjend mann som Ponceludon å få audiens. For å bli lagt merke til hjå det blaserte hoffet må ein kunne tevla godt med det ultimate duellantvåpenet: Språket. Ein må kunne syna sitt vidd. I dette selskapet er språket eit våpen som kan løfta deg opp i samfunnet eller styrta deg ned i avgrunnen, jamvel i døden, med ein einaste replikk. Lukkelegvis for Ponceludon er han god til denne lattervekkande, men ondskapsfulle leiken, sjølv om han er noko upolert og bondsk. Han blir fort freista til å bli ein del av dette samfunnet, ikkje minst på grunn av den forføreriske Comtesse de Blayac, men det gamle samfunnet blir utfordra også innanfor hoffet sine vegger. Marie, den vakre dottera til Ponceludons husvert, er oppslukt av dei nye vitskapane og oppfordrar Ponceludon til å halda fram med den oppgåva han kom til Versailles for å løysa: Dreneringa av jorda si.

Personleg var eg litt engsteleg då eg høyrte Patrice Leconte hadde laga ein historisk film. Eg var redd han no hadde flytta opp i den ligaen filmskaparar som opererer med stort budsjett og like stor fokusering på kostymer og tidsrett setting i staden for å halda fram med dei utsøkte små dramaene han har laga tidlegare. Førebels er det ingen grunn til uro, De latterlige er ei underhaldande skildring av førrevolusjonstida i Frankrike sett gjennom ein framand sine auge i Versailles. Og korkje karakterane eller skodespelarprestasjonane står tilbake for Stephen Frears Farlige forbindelser. Demonstrasjonane av det omtalte viddet er også upåklageleg. Personlege høgdepunkt er hoffet sin kutyme med ikkje å blotta tennene når dei ler og kommentarane om skilnaden mellom fransk "vidd" og engelsk "humor".

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no