Trondheim Filmklubb

Othello


Othello Storbritannia 1995 Regi Oliver Parker Manus Oliver Parker etter William Shakespeares skodespel Foto David Johnson Musikk Charlie Mole Med Laurence Fishburne, Irene Jacob, Kenneth Branagh, Nathaniel Parker, Michael Maloney, Anna Patrick, Nicholas Farell, Indra Ove 123 min 35mm norsk tekst Utleige SF

Eit stort større kulturelt alibi enn Shakespeare finn ein sjølvsagt ikkje, men like viktig for mange filmadapsjonar av verka hans som ønsket om å formidla kulturhistorie, er reservoaret desse skodespela utgjer av saftige intriger tettpakka av lidenskapeleg kjærleik og maktkamp ñ båe delar med blodig utfall. Pensla ut på lerretet kan dette bli til visuelt forførande, historisk ekstravaganse med kjende stjerner i sexy kostymer og cinemascope. Oliver Parker har, som mange Shakespeare-filmarar før seg, sikta etter båe perspektiva for si "Othello-som-erotisk-thriller" filmatisering.

At dei same stykka blir filma om og om igjen er ikkje berre på grunn av at dei er egna historier, men dei både kan og har vorte tolka ulikt til ulike tider. Av dei meir aparte Othellofilmatiseringane er Patric McGoohan sin rockoperaversjon Catch My Soul (1973) og Andrè Forciers Un Histoire Inventée (1990) kor handlinga er lagt til eit samtidig, dekadent kunstnarmiljø. Mest kjent og kanskje som film mest interessant, er Orson Welles' personlege og ekspresjonistiske lågbudsjettsproduksjon frå 1951.

Parker sin Othello er langt meir konvensjonell i forma enn dei andre nemnte versjonane. Den tidlause historia om kjærleik og sjalusi, truskap og svik er kjerna. Det er i utgangspunktet ei tradisjonell illustrering av teksten i den rette tidsramma, likevel er dette Shakespeare for vår samtid, om ikkje på den same radikale måten som Baz Luhrmanns moterette camp-versjon av "Romeo og Julie".

Thrillerfokuseringa, eksplisitte sexscener og det internasjonale skodespelarvalet er nokre av dei tidstypiske trekka ved filmen. Kieslowski-skjønnheten Irene Jacob er ei vakker, om enn litt tam, og gjennomført godhjarta Desdemona, og actionskodespelaren Laurence Fishburne som ein stolt og handlekraftig Othello. Ved å nytta Kenneth Branagh som ein scenestjelande Iago, som får jambiske pentametre til å høyrast ut som one-liners, får ein samstundes refererande kommentaren til andre Shakespeare-filmatiseringar.

Fargeblind rolletilsetting av Shakespearefilmar er etterkvart blitt vanleg, men Fishburne er faktisk den fyrste svarte skodespelaren som har spela den kjende maureren på film. I Parker si tolking kan ein også godt lesa rasisme som eit av motiva bak dei andre si forakt for Othello og hans adoptering av dei same fordomane som forklaring på kvifor han så lett godtek skuldingane om Desdemona sitt svik.

Dette er "Othello" for 1990 talet, på same måte som Zeffirellis actionorienterte Hamlet med Mel Gibson i tittelrolla vende seg mot eit nytt og yngre publikum for ti år sidan.

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no