Trondheim Filmklubb

Looking for Richard


Looking for Richard USA 1996 Regi Al Pacino Manus Al Pacino og Frederic Kimball Foto Robert Leacock Musikk Howard Shore Med Al Pacino, Harris Yulin, Penelope Allen, Alec Baldwin, Kevin Spacey, Estell Parsons, Winona Ryder, Aidan Quinn 112 min 35mm Utleige KF

Då Al Pacino skulle prøva seg som regissør var det vel få som venta at debuten skulle koma som ein dokumentarfilm om å iscenesetta og spela Shakespeare, til og med ein særs underhaldande, informativ og engasjerande film om "King Richard III".

Pacino og co-manusforfattar Frederic Kimball har ein misjon. Dei er ute på eit oppdrag, nærast på vegne av "the bard" sjølv: Dei vil freista å overføra sin eigen entusiasme for stykket til eit nytt publikum.

For å gje eit innblikk i kva for ei oppgåve dei har tatt på seg, går dei ut på gata i New York og spør folk kva dei veit om Shakespeare. Resultatet er som venta magert. Alle har høyrt namnet, men ingen veit - eller kan hugse noko om "King Richard III", som er Shakespeare sitt mest spelte stykke. Spørsmålet blir då: Korleis skal vi aktualisera Shakespeare for folk i dag?

Pacino og Kimball gjer ein bra jobb sjølve gjennom denne filmen. Dei samlar ei rad kjende skodespelarar som med glede, for "40 bucks a day and all the doughnuts we can eat," stiller opp for prosjektet og dramatiserer nøkkelscenene i stykket. I tillegg har dei intervjua historikarar, litteraturviterarar, regissørar og skodespelarar som Peter Brook, Kenneth Branagh, Derek Jacobi, John Gielgud og Vanessa Redgrave om alt frå den historiske bakgrunnen for stykket og motivasjonen bak dei ulike karakterane, til korleis uttala versa og kva det har seg at amerikanske skodespelarar har ein slik hemmande respekt for å prøva seg på denne kanskje mest britiske av alle tradisjonar.

Filmen er tydleg både som prosjekt og i sin tematikk eit hjartebarn for Pacino. Han drar på pilegrimsreise både til Stratford on Avon og til London for å sjå på rekonstrueringa av Globe teateret, og opptaka er gjort over ein lang periode innimellom Pacino sine skodespelaroppdrag.

Trass i både arbeidsprosessen og dei mange spranga i tid og rom, er filmen organisert rundt eit lettfatteleg prinsipp, nemleg sjølve teksten til Shakespeare. Dei dramatiserte scenene blir presenterte kronologisk og intervjua er vevd inn som kommentarar til det vi nett har sett utspela seg.

Pacino sin smittande entusiasme for stykket og kjennskapen og kjensla han har for stoffet, har fått det som i utgangspunktet kan verka som ein tilfeldig organisert prosess til å bli ei spanande reise mot ei kjerne i stykket. På vegen løyser vi gåter som kva tyder eigentleg: "Now is the winter of our discontent made glorious summer by this son of York," kva er eit jambisk pentameter og korles skal ein forhalda seg til det, og kvifor får professorar, i motsetnad til alle andre, alltid sjå rett i kameraet når dei skal uttala seg om noko?

Frå King John i 1899(!) til i dag har Shakespearefilmane for lengst kome opp i eit tresifra tal. Omlag like gamalt og omfattande er ordskiftet om meininga i å filmatisera teaterstykke i høve til å utvikla filmen som eigen kunstart. Når det gjeld Shakespeare konkret, ligg problema ved overføringane i at det er teksten som er basis for og drivkraft i skodespela. Filmatiseringar har difor ofte vorte illustrasjon av teksten eller reint avfilma titteskapsteater. Looking for Richard er også i denne samanhengen herleg upretensiøs og ei gledeleg avveksling å sjå.

gk


Nettverksgruppa [--] rune@nvg.ntnu.no