hehe. denna fargekombinasjonen var SÅ sjuk at eg berre måtte ha den. *knegg* (synd det gamle lauvet forsvann...)


SAGAVOLL FOLKEHØGSKULE


Året 93/94 hadde eg den glede å få kose meg -nesten- glugg ihel på Sagavoll Folkehøgskule. Eg fekk plass i ein nyåpna klasse med eit alldeles hårreisande namn; Friluftsliv Idrett Extrem, populært kalla FIX.

Det viste seg etterkvart at vi var ein ganske allsidig gjeng,både når det gjaldt kondis, erfaringer og interesser. Sistnevnte var grunnlag for ein god del heftige diskusjoner. Somme var mest ute etter utallige adrenalinkick, andre kunne godt tenke seg seigere utfordringer. Vi fikk begge deler, og eg trur fleirtallet hadde det særdeles bra.

Fint vær hadde vi på alle turane, så vi blei grundig bortskjemte i motsetning til dei som gjekk året etter oss. :D

Grunnen til at eg valgte nett Sagavoll, kom av alle dei forskjellige aktivitetane som var lista opp under denne linja. -Vi kryssa store juv med tau, klatra på (og ramla ned i) brear, kravla rundt i grotter, rafta "ville" stryk, og besteig ein snøkvit Galdhøpigg. -Og allt det allereie den første månaden.

Vinteren begynte å nærme seg, og vi bestemte oss for å gå den i møte på Gausteblikk. -Og FOR eit møte! Snøen låg der kvit og innbydande, berre for oss å kaste oss over, og i, den. Eg sleit meg alldeles ut den dagen. -Første gang på Telemarkski. På kvelden slappa vi av i svømmebassenget på hotellet--->LUKSUS! Vi sov, sto opp igjen og sto meir på ski. Herleg. :)

Østerriketuren. Forferdelig tettpakka buss, grått vær nede i dalen, MEN; det er heilt utruleg kva for fantastiske overraskelser ein gondolheis kan by på! Plutseleg var vi over sky-laget. Himmelen strålte blå over oss, og det var kvite toppar rundt alle vegar. -Eit vanvittig løft, -og blodet satte opp farten. Sol, snø, ski og bakker. Kunne det bli bedre? Ei heil veke. Med innlagt bretur, vanvittig god mat, og sist, -men ikkje minst; kjelketur.(prikken over i'en).

Sagavoll er ein kristleg folkehøgskule, men ikkje farleg forde'. -Der var allslags folk, men ikkje halvparten så "speica" som eg var redd dei skulle vere. Skulen for meg var mange turar, men óg mange "heime-veker". Seine netter rundt på internata med ostesmørbrød og skulder-massasje. Eg fann så mange kjekke folk, og har fremdeles kontakten med dei fleste.

Kvart år er det volleyball-treff. Det eldste kullet som bruker å møte opp er 71/72. -Dei har med sin eigen heiagjeng, men det hender seg at vi klarer å overdøve dei :D Vi vinne' aldri, men har det veldig skøy. -Eg gler meg til vaoren ;)

Frøydis Saga-start Smakebit Bilder Nyheter Sagavoll